Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Publisert: 22.03.2020 kl 22:13
Ålesund kommune melder søndag kveld om at ytterlegare to nye personar i Ålesund har fått påvist korona-smitte. Dermed er det totalt 13 som er smitta i Ålesund.
Publisert: 22.03.2020 kl 12:20 - Oppdatert: 22.03.2020 kl 12:32
Laurdag kveld vart det meldt om ein til smitta i Ålesund. – Det er nærkontakt til kjend smitta som kom frå Sør-Europa den 8. mars, fortel kommuneoverlege i Ålesund kommune Olav Mestad.
Publisert: 21.03.2020 kl 18:55 - Oppdatert: 21.03.2020 kl 19:01
Fredag 20. mars innførte kriseleiinga i Ålesund kommune endå strengare karantenekrav.
Publisert: 20.03.2020 kl 23:20 - Oppdatert: 20.03.2020 kl 23:20
Seint fredag kveld, 20. mars, fekk Ålesund svar på at ytterlegare to personer er smitta av koronavirus.
Publisert: 20.03.2020 kl 20:12
Fredag 20. mars testa ein tilsett ved Ålesund sjukehus positivt på koronavirus. Vedkommande var på jobb ved sjukehuset 12. mars, men hadde ikkje pasientkontakt, eller nærkontakt med tilsette. Vedkommande merka først symptom på smitte 13. mars.
Publisert: 20.03.2020 kl 16:22
Fredag kom resultata frå prøven som viser at ein ny person er smitta av koronavirus i Ålesund.
Publisert: 20.03.2020 kl 14:00
Når du kjem til Coop-butikken på Longva, legg du med ein gong merke til at der er bygging på gong. Eit påbygg mot vegen har kome til.
Publisert: 20.03.2020 kl 10:00
Postbokser, busskur og straumboksar på Terøy har blitt utsatt for tagging sidan sist sommar. I veke 11 blei tagginga meldt til politiet, som henla saka same veke.
Publisert: 19.03.2020 kl 18:00 - Oppdatert: 19.03.2020 kl 20:51
– Vi har innført dei strengaste tiltaka vi har hatt i fredstid. Vi gjer det vi må for å verne oss mot smitten, sa statsminister Erna Solberg på pressekonferansen ho heldt sist torsdag. Den siste veka har nok vore uverkeleg for dei aller fleste, og vi befinn oss no i ein situasjon som ingen av...
Publisert: 19.03.2020 kl 13:30 - Oppdatert: 24.03.2020 kl 13:11
Brattvåg Fotball har permittert trenarar og spelarar på ubestemt tid. Dette grunna usikkerheita knytt til spreiinga av korona-viruset.
Publisert: 19.03.2020 kl 11:00
The North West har beslutta å utsette det planlagte arrangementet i april til hausten.
Publisert: 18.03.2020 kl 22:59
Endå ein person har no testa positivt på korona-prøve i Ålesund kommune.
Publisert: 18.03.2020 kl 22:45
Alle lån blir forlenga så lenge Biblioteket held stengt, og ein vil heller ikkje få purringar på innlevering av bøker. Det opplyser Haram folkebibliotek på Face-book.
Publisert: 18.03.2020 kl 07:00
Som følgje av korona-krisa har det dei siste dagane vore enorm pågang ved legekontoret på Eidet.
Publisert: 17.03.2020 kl 18:18
For å avgrense korona-smitte til sårbare grupper har Helsedirektoratet innført restriksjonar for besøkande til alle helse-institusjonar.
Publisert: 17.03.2020 kl 15:23
Tysdag kveld oppmodast alle til å gå ut på verandaen eller stille seg i vindauget og klappe i eit minutt.
Publisert: 17.03.2020 kl 15:21
Det som låg an til å bli eit svært godt år for Brattvåg Fjordhotell, fekk ei brå vending fredag etter at Regjeringa sette i verk dei strenge tiltaka for å avgrense korona-smitte.
Publisert: 17.03.2020 kl 06:30
I samband med innsamlingsaksjonen som russen ved Haram vidaregåande skule gjennomførte sist veke, vart det samla inn heile 144.548 kroner.
Publisert: 16.03.2020 kl 22:30 - Oppdatert: 17.03.2020 kl 08:28
For å avgrense smittespreiing av koronaviruset og bidra til å oppretthalde nødvendig helse- og omsorgstenester, har Ålesund, Sula og Giske kommune vedtatt å avgrense innreise til kommunane.
Publisert: 16.03.2020 kl 19:29
I samband med korona-situasjonen er det mange som jobbar heimanfrå. Vil du vise oss ditt heimekontor og korleis du har det der?
Publisert: 16.03.2020 kl 18:10 - Oppdatert: 17.03.2020 kl 08:38
Ålesund kommune vil ikkje ta betalt for tenester i kommunale barnehagar og SFO så lenge tilbodet er stengt. Skular, SFO og barnehagar i Ålesund vart stengt frå fredag 13. mars. Stenginga vil gjelde fram til etter påske om ikkje anna beskjed blir gitt.
Publisert: 16.03.2020 kl 10:55 - Oppdatert: 16.03.2020 kl 14:30
Folkehelseinstitutt går måndag formiddag ut med råd om at også personar med lette forkjølingsssymptom og sår hals bør halde seg heime.
Publisert: 15.03.2020 kl 18:35 - Oppdatert: 16.03.2020 kl 08:57
ÅRIM har behov for å redusere talet på personar som besøker miljøstasjonane, og ber derfor folk som kan om å vente med å levere avfall.
Publisert: 15.03.2020 kl 18:00 - Oppdatert: 15.03.2020 kl 18:14
For å hindre smittespreiing har Møre og Romsdal fylkeskommune bestemt at billettørane ikkje skal ta manuell betaling på fylkesvegferjene fram til og med 22. mars.
Publisert: 15.03.2020 kl 17:45
Statens vegvesen utset fristen for dei som har frist for EU-kontroll i tidsrommet 13. mars til 30. april.