Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Publisert: 12.03.2020 kl 09:00
Ved tannlegekontoret i Brattvåg står ein for tida utan tannlege.
Publisert: 11.03.2020 kl 20:50 - Oppdatert: 12.03.2020 kl 11:31
Harøy idrettslag melder på facebook at den planlagte «bli kjent»-fotballskulen som skulle arrangerast 27., 28. og 29. mars blir avlyst etter råd frå kommune og kommunedelslege.
Publisert: 11.03.2020 kl 20:10 - Oppdatert: 12.03.2020 kl 11:30
Det er i løpet av dagen registrert to nye tilfeller av koronasmitte i Ålesund kommune. Totalt er det no fire som er stadfesta smitta i Ålesund og ein person i Sula.
Publisert: 11.03.2020 kl 19:20
Vatne hornmusikk inviterte til irsk pubkveld på gamle, ærverdige Tennfjord ungdomshus laurdagskvelden. Med seg hadde dei musikantar frå Stordal hornmusikklag, samt ein valldaling.
Publisert: 11.03.2020 kl 18:35 - Oppdatert: 12.03.2020 kl 11:31
Ålesund kommune har sett forbod mot arrangement og samlingar med over 100 mennesker. Forbodet gjeld for alle, som til dømes kulturinstitusjonar, utestadar, idrettslag og frivillige organisasjonar.
Publisert: 11.03.2020 kl 16:01
Ordførar og varaordførar har i dag vedtatt å utsette alle møte for politiske komitear og kommunestyret fram til 1. mai.
Publisert: 11.03.2020 kl 15:45 - Oppdatert: 11.03.2020 kl 18:40
Dei tre initiativtakarane, Petter Drabløs, Lasse Larsson Fjørtoft og Astrid Overaa, i Himmelsk lapskaus melder onsdag ettermiddag at dei tre siste framsyningane av himmelsk lapskaus blir utsett til ubestemt tidspunkt.
Publisert: 11.03.2020 kl 15:18
Etter planen kjem Linda Eide til ID-huset fredag med soloframsyninga «Oppdrag Mottro», der ho utforskar livet til si eiga mor (Mottro) og det mytiske omgrepet «gamle dagar».
Komande helg blir det stor markering på Brattvåg bedehus. Då er det nemleg 50 år sidan det nye bedehusbygget stod ferdig og innflyttingsklart.
Publisert: 11.03.2020 kl 15:17
Kreftforeningen erstattar bøsseberarar med digital innsamling på grunn av koronaviruset.
Publisert: 11.03.2020 kl 09:20
17 elevar frå 3ST internasjonal har akkurat kome tilbake frå ei reise over dammen. Elleve dagar i New York gav opplevingar i språk, historie, internasjonale forhold og slektshistorie.
Publisert: 11.03.2020 kl 08:52
Ei kvinne heimehøyrande i Haram er dømd til fengsel i 14 dagar, og ei bot på 28.000 kroner, for å ha køyrt bil når ho var påverka av alkohol. Ho blir vidare dømd til tap av føreretten i 12 månadar, og må ta ny full førarprøve for få å igjen førarretten.
Publisert: 10.03.2020 kl 21:35
Måndag 9. mars gjekk startsko-tet for Batterijakten 2020, som er den største miljødugnad for barn i Norge.
Publisert: 10.03.2020 kl 13:41
På grunn av koronaviruset har kommunaldirektør Astrid Eidsvik bestemt at alle tenestereiser i regi av Ålesund kommune skal avlysast inntil vidare og førebels fram til 1. mai.
Publisert: 10.03.2020 kl 12:45
– Vi gir no tre raude kort til fylkespolitikarane og stiller tre klare krav til kva overskotet skal brukast til, seier leiarane i lærarorganisasjonane i fylket.
Publisert: 10.03.2020 kl 09:00
Ålesund kommune lanserer i dag (10. mars) innbyggjarundersøkinga Folkestemma. Den skal hjelpe framtidig utvikling og planlegging av tenestene i kommunen.
Publisert: 10.03.2020 kl 06:25
På fylkesårsmøtet i Ålesund vart Lisa Alvestad, busett på Lepsøya, valt til ny leiar i Sunnmøre Mållag.
Publisert: 09.03.2020 kl 20:11
Ålesund kommune sende i dag ut informasjon til alle tilsette om korleis dei skal stille seg seg til situasjonen med korona-virus.
Publisert: 09.03.2020 kl 19:08
Samferdselavdelinga har motteke forslag om ruteendringar både på buss, ferje og hurtigbåt i samband med den årlege ruteendringsprosessen.
Publisert: 09.03.2020 kl 07:15
Samferdselsutvalet i fylket tilrår å oppretthalde rute 230 frå Brattvåg til Moa klokka 10.00, samt frå Moa til Brattvåg klokka 10.55, på kvardagar. I tilrådinga ligg det at ruta blir innstilt om sommaren.
Publisert: 08.03.2020 kl 15:10
- 55 prosent av søkarane til vg1 har søkt yrkesfag. Dette er gledeleg, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken i Møre og Romsdal fylke.
Publisert: 08.03.2020 kl 10:10
I år som i fjor skal Brattvåg InnerWheel vere med i den nasjonale Roseaksjonen.
Publisert: 08.03.2020 kl 07:10
– No startar vi opp att med møteplassane på biblioteka rundt om på Nordøyane, Brattvåg og Vatne, fortel Ingvild Haram i prosjektgruppa.
Publisert: 07.03.2020 kl 14:05
Olje- og energiminister Tina Bru har sendt ut invitasjon til organisasjonar om å delta på møte om vindkraft og konsesjonshandsaming.
Publisert: 06.03.2020 kl 16:15
På Eidet ser ein no at politihuset held på å reise seg. Investor Per Hofseth er fornøgd med framdrifta.